Arkiv for februar 2020

FRAM MOT STORTINGSVALET I 2021 – KVEN BØR BLI LANDETS STØRSTE PARTI?

NO MÅ VELJARANE TENKE NYTT OG STEMME SLIK AT VI FÅR EIN POLITIKK SOM TEK AVGJERANDE OMSYN TIL HEILSKAP OG SOM VISER VILJE OG EVNE TIL Å RETTE OPP ALLE OFFENTLEGE OVERGREP MOT GRUPPER OG ENKELTMENNESKE!

Etter å ha delteke i den politiske samfunnsdebatten  gjennom heile mitt vaksne liv i over 50 år, ser eg heilt klårt føre meg at dersom vi skal få til vesentlege og heilt avgjerande endringar i samfunnet på område som betyr noko for folk flest må vi satse på noko anna enn dei fastgrodde oppfatningane om at anten så fører vi ein «konservativ» politikk basert på Høgre sin filosofi og luftige slagord om «Muligheter for alle» eller Arbeiderpartiets påståtte forankring i Det Sosialdemokratiske prinsipp «Alle SKAL med».

I dagens partiflora er det, slik eg ser det, berre eit parti som KLART og TYDELEG viser tegn på å sjå heile samfunnet i ein større heilskap, utan å henge seg opp i politiske dogmer, og det er Senterpartiet.

Senterpartiet har som kjent stått i det politiske SENTRUM i norsk politikk, og vist dette gjennom konkrete innspel i den politiske debatten.

Ved å STÅ FAST på dette fundamentet vil Senterpartiet vere det rette alternativ for alle som ynskjer seg eit samfunn tufta på dei kjerneverdiar eit levande FOLKESTYRE, DEMOKRATI og RETTSSTAT MÅ basere seg på.

Det er difor med utgangspunkt i den aukande oppslutnaden Senterpartiet har i befolkninga heilt realistiske mogelegheiter for å bryte den dominerande maktposisjonen Høgre og Arbeiderpartiet har hatt i norsk politikk.

Kollsete 21.02.2020

Alf Reutz Kollsete

 

STATSMINISTER I «RETTSSTATEN», ELLER OVERGREPSSTATEN NORGE – ERNA SOLBERG!

Overskrifta på dette innlegget gir assosiasjonar til heilt andre regimer enn det vi skulle tru var tilfelle i vårt lovpriste Demokrati!

 At vi lever i ein OVERGREPSSTAT med sitjande Regjering er det ingen som helst tvil om, der såvel Kristelig Folkeparti med Kjell Ingolf Ropstad, som sjølvaste statsminister Erna Solberg Høgre, let att augene for dei offentlege OVERGREPA frå det kommunale barnevernet og BUF-etat.

Dette OVEGREPSREGIMET har fått utfolde seg FRITT under heile Høgreregjeringa si styringstid, utan at Erna Solberg har løfta ein finger får å få slutt på OVERGREPA!

Resulutatet er at Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) har Domfellt Norge i ei rekkje saker,  og fleire saker står i kø for å bli tekne opp til handsaming. Ei av desse sakene (den mykje omtala Lobbensaka) vart handsama av Domstolen i Storkammer.        

I ettertid viser det seg at Norge, Regjeringa Solberg, ved Regjeringsadvokaten, nektar å retta seg etter Dommen.

Menneskerettsjurist (mangeårig dommar i Menneskerettsdomstolen) Gro Hillestad Thune og Psykolog Einar Salvesen har fått «audiens» hjå Erna Solberg, utan at ho viste interesse for å lytte til desse fagfolka og hadde heller ikkje tid til eit intervju med TV2, men istaden sende ein God Dag mann økseskaftsvar gjennom sin Statsekretær Rune Alstadseter.

 Statsminister Erna Solberg prioriterer utanlandsreiser for å vise fram Norges «givarglede» framfor å STÅ OPP for småborn, ungdom og familiar som vert utsett for GROVE OVERGREP frå det OFFENTLEGE!

Alle og einkvar forstår at ein slik Statsminister kan Norge som RETTSSTAT og DEMOKRATI ikkje vere bekjendt av.

ALLE SOM VIL AT NORGE SKAL STÅ FRAM SOM EIN RETTSSTAT og verne om barna og barnefamiliane MÅ difor setje alle krefter inn på å skifte ut den sitjande Regjeringa!

Kollsete 16.02.2020

Alf Reutz Kollsete


Antall besøkende

  • 158 374 hits