Arkiv for september 2021

FØLG MED PÅ KVA STORTINGSREPRESENTANTANE GJER

VI har nyleg lagt bak oss eit Stortingsval i Sogn og Fjordane, der KrF representanten frå Askvoll Tore Storehaug ikkje fekk fornya tillit.

KrF klarte naturleg nok ikkje å kome over sperregrensa på 4 %.

Dette er heilt forståeleg, sett i lys av korleis partiet har forhalde seg i Stortinget i saker som ligg inne i Partiets grunnleggande ansvarsområde.

Dette gjeld med anna korleis partiet røysta i saka om Endring av Flagglova, der KrF inkludert Storehaug røysta for å tillate dei homoseksuelle og lesbiske få høve til å heise PRIDE flagget på offentlege flaggstenger, med den grunngjevinga at dei måtte støtte sine kollegaer  i Høgre og Venstre i Regjeringa!

KrF set såleis sitt grunnleggjande verdisyn på spel av omsyn til Høgre og Venstre!

I ei anna sak som var til handsaming i vinter røysta KrF  i MOT å fjerne AVKORTINGA i Pensjon for gifte og sambuande!

I denne saka var Tore Storehaug ikkje tilstades under avrøystinga, ukjent av kva årsak, og har heller ikkje teke avstand frå KrF sin røystemåte.

Så vi «alminnelige kristne» har all mulig grunn til å slå fast at såvel partiet KrF som Tore Storehaug har fått som fortjent!

 

Kollsete 15.9.2021

 

Alf Reutz Kollsete

 

RELIGION OG SEKSUELL LEGNING – OFFENTLEG ANSVAR ELLER PRIVATSAK?

For eitkvart tenkjande menneske er det sjølvsagt at KVA du TRUR på eller korleis du innrettar din seksuelle legning, såframt du ikkje begår straffbare handlingar, FULLT og HEILT er eit PRIVAT ANLIGGANDE.

RELIGIØSE ORGANISASJONAR ELLER SÆRGRUPPER, som tildømes PRIDE, skal difor ikkje motta offentleg støtte, men MÅ sjølve finansiere si verksemd.

Det er såleis ufatteleg mange politikarar som IKKJE FORSTÅR at det er FULLSTENDIG UAKSEPTABELT å løyve pengar over offentlege budsjett, (fellesmidlar), til formål som det ikkje er OPPSLUTNING OM frå ALLE innbyggarane.

Utfrå eit grunnleggjande LIKHEITSPRINSIPP skal sjølvsagt ikkje Pride få økonomisk støtte eller særmerksemd, med rett til å heise Regnbogeflagg på offentlege flaggstenger.

Det er såleis ALL MULIG GRUNN til å spørje desse politikarane om dei vi gi same rettar til ein organisasjon som «Mor far og barn» (Heterofile) om ein slik organisasjon skulle bli etablert?

Ovanståande spørsmål vert difor oversendt alle politiske parti med krav om at dei tek stilling til dette med grunnlag i likheit for lova.

 

Kollsete 01.09.2021

Alf Reutz Kollsete


Antall besøkende

  • 158 374 hits