STATSMINISTER I «RETTSSTATEN», ELLER OVERGREPSSTATEN NORGE – ERNA SOLBERG!

Overskrifta på dette innlegget gir assosiasjonar til heilt andre regimer enn det vi skulle tru var tilfelle i vårt lovpriste Demokrati!

 At vi lever i ein OVERGREPSSTAT med sitjande Regjering er det ingen som helst tvil om, der såvel Kristelig Folkeparti med Kjell Ingolf Ropstad, som sjølvaste statsminister Erna Solberg Høgre, let att augene for dei offentlege OVERGREPA frå det kommunale barnevernet og BUF-etat.

Dette OVEGREPSREGIMET har fått utfolde seg FRITT under heile Høgreregjeringa si styringstid, utan at Erna Solberg har løfta ein finger får å få slutt på OVERGREPA!

Resulutatet er at Den Europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD) har Domfellt Norge i ei rekkje saker,  og fleire saker står i kø for å bli tekne opp til handsaming. Ei av desse sakene (den mykje omtala Lobbensaka) vart handsama av Domstolen i Storkammer.        

I ettertid viser det seg at Norge, Regjeringa Solberg, ved Regjeringsadvokaten, nektar å retta seg etter Dommen.

Menneskerettsjurist (mangeårig dommar i Menneskerettsdomstolen) Gro Hillestad Thune og Psykolog Einar Salvesen har fått «audiens» hjå Erna Solberg, utan at ho viste interesse for å lytte til desse fagfolka og hadde heller ikkje tid til eit intervju med TV2, men istaden sende ein God Dag mann økseskaftsvar gjennom sin Statsekretær Rune Alstadseter.

 Statsminister Erna Solberg prioriterer utanlandsreiser for å vise fram Norges «givarglede» framfor å STÅ OPP for småborn, ungdom og familiar som vert utsett for GROVE OVERGREP frå det OFFENTLEGE!

Alle og einkvar forstår at ein slik Statsminister kan Norge som RETTSSTAT og DEMOKRATI ikkje vere bekjendt av.

ALLE SOM VIL AT NORGE SKAL STÅ FRAM SOM EIN RETTSSTAT og verne om barna og barnefamiliane MÅ difor setje alle krefter inn på å skifte ut den sitjande Regjeringa!

Kollsete 16.02.2020

Alf Reutz Kollsete

0 Svar to “STATSMINISTER I «RETTSSTATEN», ELLER OVERGREPSSTATEN NORGE – ERNA SOLBERG!”



  1. Kommenter innlegget

Leave a Reply




Antall besøkende

  • 158 381 hits