RELIGION OG SEKSUELL LEGNING – OFFENTLEG ANSVAR ELLER PRIVATSAK?

For eitkvart tenkjande menneske er det sjølvsagt at KVA du TRUR på eller korleis du innrettar din seksuelle legning, såframt du ikkje begår straffbare handlingar, FULLT og HEILT er eit PRIVAT ANLIGGANDE.

RELIGIØSE ORGANISASJONAR ELLER SÆRGRUPPER, som tildømes PRIDE, skal difor ikkje motta offentleg støtte, men MÅ sjølve finansiere si verksemd.

Det er såleis ufatteleg mange politikarar som IKKJE FORSTÅR at det er FULLSTENDIG UAKSEPTABELT å løyve pengar over offentlege budsjett, (fellesmidlar), til formål som det ikkje er OPPSLUTNING OM frå ALLE innbyggarane.

Utfrå eit grunnleggjande LIKHEITSPRINSIPP skal sjølvsagt ikkje Pride få økonomisk støtte eller særmerksemd, med rett til å heise Regnbogeflagg på offentlege flaggstenger.

Det er såleis ALL MULIG GRUNN til å spørje desse politikarane om dei vi gi same rettar til ein organisasjon som «Mor far og barn» (Heterofile) om ein slik organisasjon skulle bli etablert?

Ovanståande spørsmål vert difor oversendt alle politiske parti med krav om at dei tek stilling til dette med grunnlag i likheit for lova.

 

Kollsete 01.09.2021

Alf Reutz Kollsete

0 Svar to “RELIGION OG SEKSUELL LEGNING – OFFENTLEG ANSVAR ELLER PRIVATSAK?”



  1. Kommenter innlegget

Leave a Reply




Antall besøkende

  • 158 381 hits